Skip to content
Du er her: Heim Om oss
Skriv ut

Vikedal Mur og Anlegg AS  (VMA) held til i Vikedal i Vindafjord Kommune. Selskapet vart stifta i 1997 og driv med graving, transport og utleige av stillas og containerar.

 

VMA har 14 tilsette med lang erfaring innan graving og transport.

Me tek på oss alt innan graving, som natursteinsmuring, utgraving av tomter, skogsvegar, kraftanlegg, drenering og så vidare. Me har lager av veigrus og singel på Sandeid.


Når det gjeld transport, har me tippbil med dumperkasse,  spesialtraller for transport av betongelementer, plantralle og maskinsemi. Me har ôg ein 4-aksla krokbil med 20 m3 tank for utkøyring av naturgjødsel.


Elles driv me med brøyting og strøying, både med lastebil og traktor, i tillegg til feiing med traktor.


Har du ein jobb som skal gjerast; ta kontakt så løyser me det meste!